Møre og Romsdal må bli ei sjølvstendig eining for straffegjennomføring

Møre og Romsdal må bli ei sjølvstendig eining for straffegjennomføring, dersom Stortinget vedtek ein to-nivåmodell i ny organisering av Kriminalomsorga, jf. Prop. 143 L (2019-2020) til Stortinget.

Dei tre regionrådene/politisk råd i Møre og Romsdal har samarbeida med Møre og Romsdal fylkeskommune om ein felles høyringsuttale, og ber om at Møre og Romsdal blir ei sjølvstendigeining for gjennomføring av straff, dersom ny organisering av Kriminalomsorga blir vedteken av Stortinget.

Kapittel 4 i proposisjonen inneheld forslag om å endre organisering av Kriminalomsorga frå en modell med tre nivå til en modell med to nivå. Det vert foreslått at Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) blir ei sentral eining og straffegjennomføringa i landet deles inn i tolv regionale einingar.

I prop. 143 L ligger ikkje forslag til geografisk inndeling av dei tolv einingane inne, men organisasjonsmodellen kjem frå KDI sin rapport «Fremtidens kriminalomsorg – et fellessamfunnsoppdrag» frå 2019. Der vert foreslått at Møre og Romsdal plasserast saman med Trøndelag .I prop. 143 L, punkt «4.2 Samarbeid med andre etater» vert viktigheita av at organisering av kriminalomsorga best muleg understøtter samarbeidet med andre etatar.

Her vises det spesielt til inndelinga i politidistrikt, velferdsetatar og ny fylkesinndeling.Nordmøre IPR, ROR og SR meiner at Møre og Romsdal må vere ei eigen sjølvstendig eining for straffegjennomføring.

Oppslag i Romsdals Budstikke 11. januar 2021:

Møre og Romsdal må bli ei sjølvstendig eining for straffegjennomføring - rbnett.no - nyheter, sport, kultur og økonomi